Fiskaraksjonens svar på insändare från Statkraft.

02.10.2019 13:08

 

Produktionschef Kåre Hönsli från Statkraft, boende Gaupne i Luster där Trollheim kraftverk manövreras, skrev en insändare om den sista översvämningen av älven Surna i tidningen Driva.

https://www.driva.no/meninger/2019/09/26/Statkraft-berga-Surnadal-fra-ein-større-flom-20033082.ece

 

Fiskaraksjonen har svarat i Driva den 2/10 2019, som länk eller text nedan.

https://www.driva.no/nyheter/2019/10/02/Svar-til-Statkraft-frå-Fiskaraksjonen-20079287.ece

 

Svar til Statkraft frå Fiskaraksjonen

I eit innlegg i Driva den 26. sept. påstår produksjonsdirektør Kåre Hønsi i Statkraft at Fiskaraksjonen seier at flaumen 15/16 sept. hadde gitt mindre skadar om elva ikkje hadde vore regulert. Det er feil. Fiskaraksjonen er fullt klar over at dammane i Folldalen heldt att vatn og hindra at flaumen ikkje vart enda større.

Vårt poeng var at i gamle dagar da flaumløpa var opne, ville ikkje ein flaum med same vassmengde som gjekk i Surna 15/16 sept. ha gitt dei problema som ein no fekk – og ikkje det flaumen kunne vore enda større om dammane ikkje hadde heldt att vatn.

Statkraft har mykje å stå til ansvar for i dalføret. Dei har tillete at elvaløpet og holmane har grodd ned av skog og kratt, samt at mange av hølane i elva er fylt av grus og slam. Dette problemet har Statkraft vore klar over i mange år, men forteneste har overstyrt ansvaret. At Statkraft i dei siste åra har starta med fjerning av skog i nokre deler av elva, frikjenner dei ikkje for det ansvaret dei har sluntra unna og som no skapar problem ved stor vassføring.

I konsesjonen av 1962 står det at:

Det skal påses at flomløpene ikke hindres av is eller lignende….

og

I overskjønnet 3.2 av 1986 finn vi:

…..Regulanten kan således sies å ha en plikt til å holde elveløpene åpne i tilfelle flom.

 

Vi minner og om at Stortinget i 2009 gav Surna status som Nasjonalt laksevassdrag og er beskytta av Vassressurslova og EU sitt vassdirektiv.

 

Produksjonsdirektør Hønsi kan ikkje garantere plass i magasina om hausten slik at flaumar kan bli dempa. Om Statkraft har vilje til det, kan dei nok i dei aller fleste høva lage plass i dammane ved å køyre kraftverket for fullt i eit par dagar før kraftig regn er meldt. Dette er vel og noko som kommunane kan ta opp om dei no skal i møte med Statkraft.

 

Eit hjartesukk på tampen: Om den nye kraftverksbeskatninga blir gjennomført med fare for sterkt reduserte inntekter for kraftkommunane, blir det viktigare enn nokon gong å ha ei god lakseelv i dalføret som kan generere inntekt til kommunen. Vi kan ikkje akseptere at Statkraft får optimalisere kraftproduksjonen sin i Surna på bekostning av naturen vår. Om kraftskatteinntektene som før gjekk til kommunen no står i fare for å bli omfordelt til staten, ser det enda verre ut. Da står vi ribba attende. Vi har tapt lakseelva og pengane våre.

 

Surnadal den 02.10.19

For Fiskaraksjonen

Ola L. Tellesbø Kjell Lund